Blogg - Ingebrigt Røen: Det er viktig å bli sett. Visst er det så. Det er knapt noko uttrykk eg høyrer oftare enn dette, at det er viktig å bli sett.
Del
Eg kjenner det att i eige liv. Når nokon ler av humoren min, tykkjer at eg seier noko klokt eller legg merke til Campagnolo-girsystemet på landevegssykkelen min, som har køyrd Giro d’Italia, kjenner eg at det er litt stas. Eg treng bekrefting. Alle treng å bli sett. Og det er der tankekorset mitt oppstår.
Mange av dei frå godt tjue og nedover har i til dels ekstrem grad opplevd å ha vore i sentrum for foreldra sine i oppveksten. Det er rørande å sjå foreldre og slekt samla rundt eit sjarmtroll som underheld dei med ymse fakter og utsegner. Eg meiner det. Det er godt det har vorte lov å vise andre at vi set umåteleg pris på ungane våre og tykkjer at dei er fantastiske. La gå at vi kanskje til dels set ungane i sentrum fordi vi kanskje ikkje har så mykje anna å setje der. Det er godt at foreldre ser ungane sine og bekreftar dei.
Etter mitt syn er det likevel eit «men» i dette. Poden blir vant til store doser merksemd, og kan dra den slutninga at alt han seier og gjer er fantastisk. Og det er det jo. For foreldra.
Ungen kan kome til å lære at rolla i verda er å vere underhaldar, vere i sentrum for andre si merksemd. Og at andre si rolle er å sjå dei, og tykkje at dei er fantastiske. Rolla mi er underhaldar. Andre er publikum. Sjå meg! Sjå meg enda meir! Eg er van med større doser enn dette! Ungar kjem i barnehage, skule og arbeid vane med å vere verda sitt sentrum. Det er ei kjend sak at kampen om å bli sentrum på den nye arenaen gjev seg til dels usympatiske utslag i mang ein klasse. Hvis andre si oppgåve er å sjå meg, får dei halde seg til det. Målet mitt er å vere konstant i sentrum og at applausen over det eg seier og gjer brakar med jamne mellomrom. Dei andre si oppgåve å sjå meg. Andre blir publikum, reiskap som er til for mi skuld.
Noko tyder på at applaus har kortvarig verknad. Det er kreativitet, meining og rettferd som motiverer oss over lang tid. Å vere i flyt er ikkje å vere i fokus, men å gløyme seg sjølv litt medan ein held på med noko artig, meiningsfylt, rettferdig, utfordrande eller kreativt. Victor Frankl (professor i nevrologi og psykiatri, Østerrike 1905-1997) meinte at vegen til sjølvrealisering går gjennom sjølvtranscendens, det vil seie gjennom å gå utover seg sjølv. På sjukehuset vårt er det mi erfaring at tilsette er nøgde med arbeidsplassen og kjenner seg verdsett når avdelinga gjer eit godt arbeid og ein sjølv får vere del av det gode arbeidet. Og nøgde med leiarane er dei som ikkje berre får ros, men òg blir utfordra, teke til side når dei baksnakkar og i det heile blir tekne på alvor. Det er mykje som ligg i å bli sett.
Standardtalen til konfirmantar og avgangselevar inneheld for tida mellom anna: «Stol på deg sjølv», «Du er unik». I nokre kulturar seier ein ved slike høve: «Du kan stole på oss», «Vi er her». Å bli sett er viktig. For alle. Og dersom alle skal bli sett, kan eg berre sjå for meg ein måte å oppnå det på. At vi lærer jenta vår å sjå dei andre. Dersom alle gjer det, vil ho òg sjølv bli sett. Einaste alternative løysinga kunne vere ei nyformulering av det som var egobylgja sitt råd for nokre år sidan: Elsk deg sjølv! Men ein kan vel ikkje seie: Sjå deg sjølv! Eller kan ein det?
Har du innspill til denne bloggen? Send en epost til blogger Ingebrigt Røen
Har du lyst til å blogge på Pulsen? Da vil vi gjerne komme i kontakt med deg. Du må være ansatt ved St. Olavs Hospital, eller ha offisiell tilknytning til sykehuset. Send epost til Frode Nikolaisen for å avtale et uforpliktende møte. |