Blogg - Ingebrigt Røen: Eg fylgde ei venninne og dyktig kollega til innleggjing i psykiatrien for nokre år sidan. Det er skremmande i seg sjøl å skulle overgje livet sitt til andre.
Det vart ikkje mindre skremmande av å sitje overlatt til seg sjøl medan lyden frå raslande nøklar og jarndører ga atterljom i nakne murvegger. 
Dei ansatte som trafikkerte rommet kan umogeleg ha visst kva makt dei hadde. Til å sjå eller oversjå. Til å setje mot i ho eller ta motet. Eit venleg smil. Gode ord.
«Velkomen til oss! No blir dette heimen din ei tid framover, og vi skal gjere det vi kan for at det blir bra for deg, dette». Makt kan brukast til å byggje opp og til å øydeleggje.
Makt er det ikkje noko gale med. Men ein lyt vite at ein har ho. I somatikken kan avmaktskjensla til doktoren narre han til å tru at han ikkje har makt. Pasienten i sjukehustruse og sjukehusskjorte ser det annleis og tykkjer seg sjå opp i andletet til ekspertisa og makta der han ligg på rygg.
Pasientar fortel at dei ikkje vart trudde. Ekspertane visste betre. Sjuke med lidingar som sorterer under fleire klinikkar opplever å bli kasteballar fordi dei som har makta ikkje brukar ho til å ta ansvar. Psykisk sjuke som er usamde i behandlinga dei får og opponerer, opplever at det blir bruka mot dei.
Ein må gjerne snakke varmt om at pasienten er autonom og dermed herre i eige liv heilt fram til siste andedrag. Og eg skal vere den første til å seie meg samd i at pasienten lyt bemyndigast mest mogeleg gjennom god informasjon om situasjonen og rettane sine. Men i praksis er autonomi meir eit ideal enn ein røyndom.
Etter mitt syn kan autonomiomgrepet villeie oss til å tru at det er pasienten som har makta, og ikkje vi sjukehusansatte. Kanskje trudde dei det, dei som hadde ansvar for venninna mi, når dei mot hennar vilje og behov ordinerte sosial trening til henne som både var sosial og scenevant. Å setje metode framfor menneske er maktbruk.
Å ha «all» makt over eit anna menneske kan aktivere sider hos oss som vi ikkje visste at vi hadde, for no treng vi ikkje ta omsyn eller lytte til motargument. Vi kan gjere som vi vil, for vi har makta.
Travle, nedslitte ansatte kan kome til å stemple pasienten som vanskeleg og ynkeleg og kjenne forakt for den svake. Her er høvet til hemn for alle gongene ein kjende seg avmektige og ynkeleg i møte med krevjande sjukdomstilfelle. Overdriv eg ikkje no? Det kan kanskje vere. Men vi ser desse mekanismene når ei stormakt ikkje treng ta omsyn. Vi ser det når Gud «gjev menneske rett» til å trakke på andre.
Og vi ser det på St. Olav.
Eg er overtydd om at maktperspektivet treng å bli fokusert mykje meir i helsevesenet.
Uerkjent makt er farleg.
Har du innspill til denne bloggen? Send en epost til blogger Ingebrigt Røen.
Har du lyst til å blogge på Pulsen? Da vil vi gjerne komme i kontakt med deg. Du må være ansatt ved St. Olavs Hospital, eller ha offisiell tilknytning til sykehuset. Send epost til Frode Nikolaisen for å avtale et uforpliktende møte. |
Publisert torsdag 8. oktober 2009 klokken 18.20.