Nyleg lanserte professor Stein Kaasa det nye webbaserte verktøyet Eir, for diagnostisering og smertebehandling hos pasientar som er uhelbredeleg sjuke.
 Nettbrettet pasientene skal benytte. Foto: NTNU Technology Transfer |
Pasientane nyttar eit nettbrett for å svare på eit sett med spørsmål rundt kva slags smerte dei har, kor sterk smerta er og kor den er lokalisert. Så blir resultatet sendt til behandlande lege saman med forslag til behandling basert på dei ferskaste forskingsresultata og oppdaterte standardar for behandling.
Eir vil slik kunne betre behandlinga pasientane får når dei er skrevet ut frå sjukehuset og skal behandlast vidare av sin fastlege. Pasientane blir trygga å få behandling etter oppdaterte standardar uavhengig av kor dei bur. Informasjonen pasienten plottar inn i Eir vil også bli synkronisert og lagra i elektronisk pasientjournal. Slik vil pasienten sleppe å fortelje sjukdomshistoria si på nytt til nye legar.
 Overlege og professor Stein Kaasa er klinikksjef ved Kreftklinikken på St. Olavs Hospital, og står i spissen for testingen av nettbrettet på St. Olavs Hospital. Foto: Geir Mogen, NTNU |
Pilot på St. Olav
Nettbrettet er no i bruk i behandlinga ved Kreftklinikken på St. Olavs Hospital. Her har det vorte testa ut med suksess på pasientar frå 18 til 85 år.
Nettbrettet vart lansert på EAPC sin 7. verdskongress for forsking innan palliasjon og smertelindring. Konferansen samla 1150 legar, forskarar og anna helsepersonell frå heile verda.
Standen til Eir var godt besøkt og Eivind Andersen frå NTNU Technology Transfer kunne fortelje at mange behandlarar frå mange land var svært interesserte i å ta i bruk Eir på sitt eige språk for å betre si behandling av denne pasientgruppa.
Meir om Eir på NTNU Transfer Technology sine sider