Hensikta med den første samtalen er å etablere ei trygg ramme og å ta opp aktuelle problem. Din behandlar ønskjer å finne ut korleis du har det, kva du har behov for av hjelp og eventuelt kva hjelp du ønskjer. All informasjon skal vere forståeleg, og du og din behandlar finn ut om det er behov for vidare kartlegging og behandling.
Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtalar, strukturerte intervju og spørreskjema. Hensikta er å saman avklare kva som er hovudutfordringane dine, kva behov du har for eventuell vidare oppfølging, og å utarbeide ein plan for vidare behandling. Ein slik plan kallar vi ein behandlingsplan. Du får ein kopi av behandlingsplanen din.