Dersom du trur at du har ein arbeidsrelatert sjukdom, kan du kontakte fastlegen din (eller ein annan lege) som saman med deg vurderer om det er rett å sende ei tilvising til arbeidsmedisinsk / yrkesmedisinsk avdeling.
Dersom vi ut frå tilvisinga meiner at vi kan hjelpe deg med spørsmåla, blir du innkalla til undersøking. Det er viktig at det i førespurnaden frå fastlegen kjem klart fram kva problemstillinga er.
Det er til stor hjelp om du før timen hos oss tenkjer nøye igjennom og gjerne skriv ned litt om yrkeskarrieren din og eventuelle arbeidsmiljøpåverknader. Saman med innkallinga får du eit skjema der vi ber deg oppgi tidlegare og noverande arbeidsforhold.
Der det er aktuelt ber vi om at du tek med datablad (informasjon om farlege eigenskapar ved eit kjemikalium) og annan tilgjengeleg informasjon om påverkingar du har vore utsett for.