Du skal vere fastande i minst 4 timar før undersøkinga. Nokon skal faste lenger, følg beskjeden du får frå avdelinga via telefon eller brev. Du vil også bli informert om du treng å pause blodfortynnande medisinar.
Før undersøkinga får du lokalbedøving og roande medisinar. Lokalbedøvinga får du som spray i svelget. Roande medisinar får du gjennom ei blodåre. Medikamenta verkar både avslappande, hostedempande og smertestillande.
Faste medisinar
Om du bruker blodfortynnande medisinar, må du gi beskjed til avdelinga di i god tid før undersøkinga. Avdelinga vil fortelje deg om du må slutte å ta medisinane i ein periode før undersøkinga.
Du kan ta faste medisinar som vanleg, også inhalasjonsmedisinar om du bruker det.