Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Forberedelsene varierer ut fra hva som skal undersøkes. Informasjon om hvordan du skal forberede deg til undersøkelsen vil du få i innkallingsbrev eller ved avdelingen når timen blir avtalt. Les innkallingsbrevet ditt nøye.
Gje beskjed til legen som tilviser deg dersom du har forhøya stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjoner på intravenøs kontrast, som har krevd behandling.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT selv om du ammer.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte, brysthaldar, smykker og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrør (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Kontrasten blir sett i venekanylen. Før undersøkinga blir du spurd om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.