Familiesentrert behandling
Når eit nyfødd barn blir innlagt i nyføddintensivavdeling, er det ein heil familie som blir påverka. Nybakte foreldre blir kasta ut i eit ukjent tilvære som dei vanlegvis ikkje har fått tid til å førebu seg på. Nokre foreldre har fått barn som er svært sjuke og kanskje har livstruande tilstandar over lang tid. Avdelinga jobbar for at heile familien skal kjenne seg velkommen. Vi veit at alle nyfødde barn treng å ha foreldra sine hos seg, same kor små og sjuke dei er. Det er gjennom samvær mellom foreldre og barn at grunnlaget for eit godt liv blir skapt.
Det å bli kjent med eit svært for tidleg fødd barn som er kopla til overvakingsutstyr og ulik type utstyr kan vere svært utfordrande, og foreldre treng tid og støtte for å venne seg til ein slik situasjon. Foreldre er velkomne på avdelinga heile døgnet, og vi ønskjer at dei er til stades og gradvis overtek ein større del av omsorg og stell for barnet sitt. Personalet har alltid det medisinske ansvaret for barnet. Foreldre skal ta del i alle viktige avgjerder som gjeld barna deira.
Avhengig av kor tidleg fødd barnet er, vil det kunne trenge alt frå livreddande behandling til at det kan leggjast på mors bryst rett etter fødselen og berre trenge oppfølging når det gjeld ernæring og kroppsvarme. Å leggje barnet på mors bryst etter fødselen er viktig for mor og barn, og blir prioritert så langt det er mogleg. Det gjeld også barn som er veldig for tidleg fødde.
Rettleiing og støtte
Foreldre/føresette kan få tilbod om samtale med psykolog/psykiater og sosionom.
Psykologen/psykiateren gir til dømes rettleiing og støtte omkring meistring av situasjonen når ein har fått eit alvorleg sjukt barn og om samspel med barnet.
Sosionomen kan gi råd og rettleiing om rettar både for foreldra og barnet. Som døme kan nemnast rettar omkring pleiepengar. Alle foreldre som får eit for tidleg fødd barn som blir innlagt i nyføddavdeling kan søkje om pleiepengar.
Komplikasjonar
Komplikasjonar som kjem av for tidleg fødsel er hyppigast hos dei mest umodne barna. Nyføddintensivavdelinga har rutinar for kor hyppig ulike undersøkingar skal gjerast for å oppdage slike komplikasjonar.
Lågt blodsukker
For tidleg fødde barn har auka risiko for å få lågt blodsukker etter fødselen. Etter ein fødsel søkk blodsukkeret til barnet, og det er viktig at barnet får tilskot av næring etter fødselen i form av mjølk i magen eller som intravenøs væske som blir gitt via eit tynt kateter i ei blodåre/vene.
Lysbehandling av gulsott
For tidleg fødde barn må oftare få behandling med fototerapi («lysbehandling») for gulsott enn barn fødd til termin.
Retinopati hos premature – ROP (Retinopathy of prematurity)
Barn fødde før veke 32 blir undersøkte av augelege med tanke på ein netthinnesjukdom som kan ramme premature («retinopathy of prematurity»/ROP). Det er særleg dei aller mest for tidleg fødde som har ein auka risiko for ROP. Når ROP blir tidleg oppdaga, kan han behandlast slik at barnet får eit normalt eller tilnærma normalt syn.
Ultralyd av hjernen hos for tidleg fødde barn
Premature har auka risiko for hjernebløding og andre typar skadar i hjernen. Dei blir undersøkte rutinemessig med ultralyd av hovudet under innlegginga på nyføddintensiv. Vanlegvis er dette skadar vi ikkje kan gjere så mykje med etter at dei er oppstått, men det er viktig å vite om for at foreldre og helsepersonell skal kunne lage ein god plan for vidare oppfølging.
Ultralyd av hjartet
Nokre ekstremt for tidleg fødde barn har det vi kallar ein openståande ductus arteriosus, som må behandlast med medisin eller, i sjeldne tilfelle, med operasjon. Dersom legen høyrer ein bilyd ved lytting på hjartet, eller barnet har andre symptom som kan knytast til hjartet, blir det gjort ekkokardiografi, eller ultralyd av hjartet.