Før undersøkinga får du ein injeksjon med eit radioaktivt sporstoff (druesukker) i ein venekanyle i armen. Dersom du har med deg pårørande, må dei forlate undersøkingsrommet når injeksjonen blir sett i armen din.
Etter injeksjonen skal du ligge stille i cirka éin time utan å snakke, lese eller bruke telefon. Dette er nødvendig for at stoffet skal fordele seg best mogleg i kroppen.
Når kviletida er over, startar sjølve bildeopptaket, som vanlegvis varer i 15–30 minutt.
Heile undersøkinga tar mellom 2–4 timar.