Ryggen din toler vanleg dagleg aktivitet, men du skal unngå kontaktidrett og/eller aktivitetar med fare for fall, harde støyt og vibrasjonar i 6 månader. Frå sjukehuset får du med deg ei erklæring om fritak frå gymnastikk på skolen dei første 3 månadene etter operasjonen, og deretter at du må ha tilrettelagt gymnastikk dei neste 3 månadene etter det igjen.
Driv du toppidrett må du konferere med legane som opererte deg, om kva du toler.
Bruk av ergometersykkel, turgåing og svømming er forslag til aktivitetar du kan gjere etter operasjonen. Fysioterapeuten på sjukehuset vil instruere deg i enkle øvingar som du kan gjere dagleg etter at du har komme heim frå sjukehuset.
Jogging blir tillate etter 6 veker. Svømming kan du begynne med så snart såret er grodd, cirka 3 veker etter operasjonen. Fysioterapi etter utskriving frå sjukehuset blir vurdert etter behov. Normalt tar det cirka 6–9 månader før ryggen er heila.
Bilkøyring er tillate, både som passasjer og sjåfør. Du kan begynner å køyre sjølv når du sluttar å bruke sterke smertestillande medisinar (og om du har sertifikat!).
Kontroll
Du kjem til kontroll hos fysioterapeut 3 månader etter operasjon, og hos lege 6 og 12 månader etter operasjon. På kontrollane får du høve til å ta opp spørsmål om vidare retningslinjer utover det som er skissert her.
Skole
Du kan begynne på skolen 1–3 veker etter heimkomst, eller så fort forma tillèt det. Om du går i grunnskolen, kan du få heimeundervisning i mellomtida. Du vil også ved behov få dekt drosjetransport til/frå skolen i cirka 3 månader. Det blir anbefalt to sett med skolebøker. Blir du sliten av å vere på skolen heile dagen, bør du ha høve til å legge deg ned og kvile, eventuelt starte med redusert skoledag.
Nokon blir på sjukehuset i så lang tid at det går ut over skolegangen. For ungdom i skolealder er det viktig å sjekke ut tilbodet om lokal sjukehusskole for å unngå unødig fråvær.