Heiltidskorsett skal brukast 23–24 timar i døgnet. Nattkorsett blir berre brukt om natta, 8–10 timar kvar natt. Det kan vere lurt å informere nokon venner som kan hjelpe til med å ta korsettet av/på. Mange opplever det også som nyttig å informere klassen sin om korsettbruk.
Ortopediingeniør instruerer i korleis ein gradvis skal klare å stramme korsettet meir og meir. Det er vanleg at korsettet er litt ubehageleg i starten til ein er vand med å bruke det, og nokon opplever ubehag etter måltid. Ubehag er vanlegast i den første perioden etter oppstart med korsett.
Mange bruker korsett opp til 16–18-årsalderen, og for jenter er det vanleg å bruke korsett 1,5 til 2 år etter første menstruasjon.
Ungdommen må vanlegvis til regelmessige røntgenundersøkingar og kontroll. Det er vanleg med kontroll hos lege med røntgenundersøking kvar 6. månad. I forkant av kontrollane er det viktig at ungdommen tar korsettet sitt av kvelden før og søv utan slik at ryggskeivskapen kan målast rett utan korsett.
Fysioterapeuten oppfordrar til å halde fram med fysisk aktivitet. Held ungdommen på med ein organisert idrett, kan ein gjerne halde fram med dette. Ungdommen blir oppfordra til å delta i gymnastikk på skolen. Om korsettet er til hinder for aktiviteten, kan det takast av under aktiviteten. Fysioterapeuten kan tilpasse eigentreningsøvingar. Ved behov kan lokal fysioterapeut kontaktast for oppfølging.
Skole
Nokon blir på sjukehuset i så lang tid at det går ut over skolegangen. For ungdom i skolealder er det viktig å sjekke ut tilbodet om lokal sjukehusskole for å unngå unødig fråvær.