Før strålebehandlinga startar, får du snakke med ein lege om kva område vi skal behandle og kor mange behandlingar du skal ha. Vi tar CT-undersøking av den delen av kroppen din som vi skal bestråle. CT-bilda bruker vi til å lage ein individuelt tilpassa strålebehandlingsplan (doseplan) for deg.
Dersom det blir bestemt at du skal ha pustestyrt strålebehandling, vil du få grundig opplæring og øving i dette før CT-undersøkinga.
Det er viktig at du ligg på same måte ved CT-undersøkinga og ved kvar strålebehandling. Derfor bruker vi armstøtter og spesialputer slik at heile kroppen din ligg stabilt. I tillegg teiknar vi inn innstillingsmerke med tusj på huda di, og tatoverer gjerne små hjelpemerke. Ver varsam med teikningane!